Forslag om ny lov om skadebot frå staten til valdsutsette

Høyringsfråsegn NIM - Forslag om ny lov om skadebot frå staten til valdsutsette (pdf) 209.56 KB

NIM meiner det er positivt at ein gjennom forslaget til ny lov tek sikte på å korte ned sakshandsamingstida for valdsofferskadebot, mellom anna ved å innføre automatisk utbetaling av idømde skadebotkrav. NIM stiller seg likevel kritisk til forslaget om å innføre ein hovudregel om dom eller rettsforlik for å kunne søkje om valdsofferskadebot, og etterlyser ei grundigare vurdering av om forslaget er i tråd med Noreg sine plikter etter mellom anna Istanbulkonvensjonen.