Merkedagen for Verdsfråsegna om menneskerettane

Ei gruppe barn ved FNs internasjonale barneskule i New York synar fram Verdsfråsegna om menneskerettane. Foto: UN Photo

10. desember er merkedagen for FN si verdsfråsegn om menneskerettar. I år fyller den 72 år.

Verdsfråsegna om menneskerettane slår fast sjølve grunnprinsippet bak menneskerettane. Av artikkel 1  i fråsegna følgjer det at alle menneske er fødd frie med det same menneskeverdet og dei same grunnleggjande menneskerettane.

Bakgrunnen for Menneskerettsfråsegna var dei enorme menneskelege lidingane som fann stad i løpet av den fyrste halvdelen av 1900-talet, mellom anna dei to verdskrigane. Ved stiftinga av FN i kjølvatnet av den andre verdskrigen blei arbeid for grunnleggjande menneskerettar ei av organisasjonen sine hovudoppgåver. Arbeidet med ei eiga fråsegn om menneskerettane vart sett i gang i 1946, og Verdsfråsegna om menneskerettane vart vedteken av FN si generalforsamling den 10. desember 1948 i Paris.

Menneskerettsfråsegna inneheld til saman 30 artiklar som slår fast ei rekkje grunnleggjande menneskerettar, inklusive både sivile og politiske rettar og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Blant rettane ein finn i fråsegna er retten til liv, retten til privatliv, ytringsfridomen og forbodet mot diskriminering. Vidare inneheld fråsegna mellom anna retten til arbeid, retten til utdanning, og retten til helse.

Fråsegna er ikkje rettsleg bindande. Dei fleste rettane i Menneskerettsfråsegna har seinare blitt tatt inn i FN sine menneskerettskonvensjonar, og slik blitt rettsleg bindande overfor statane som har vedteke dei.  Ei rekkje av rettane som først vart formulerte i verdsfråsegna finn ein i dag i FN sin konvensjon om sivile og politiske rettar og FN sin konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Ein finn også fleire av dei i andre FN-konvensjonar som kvinnekonvensjonen, barnekonvensjonen og rasediskrimineringskonvensjonen. Menneskerettsfråsegna har også tent som inspirasjonskjelde for fleire regionale menneskerettskonvensjonar, til dømes Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Verdsfråsegna om menneskerettane utgjer dermed grunnlaget for det internasjonale menneskerettssystemet me har i dag.