NOU 2020:17 «Varslede drap? Partnerdrapsutvalgets utredning»

Høyringsfråsegn NIM - Partnardrapsutvalet si utgreiing 30.04.2021 (pdf) 267.28 KB
NIM meiner at utgreiinga gir styresmaktene eit breitt og godt kunnskaps- og avgjerdsgrunnlag for å setje i verk tiltak for å betre førebygginga og hindringa av vald i nære relasjonar, alvorleg partnarvald og partnardrap. Utvalet gjer grundig greie for gjennomgåande utfordringar i politiet, det offentlege hjelpeapparatet, og andre institusjonar. Etter NIM sitt syn er det viktig å setje i vert tiltak for å betre førebygginga av partnardrap. Gjennomføring av tiltaka utvalet føreslår i utgreiinga vil etter NIM sitt syn bidra til at staten oppfyller si menneskerettslege plikt til å førebygge vald i nære relasjonar, alvorleg partnarval og partnardrap. NIM meiner tiltaka utvalet tilrår særleg vil bidra til betre etterleving av Noreg sine plikter etter Istanbulkonvensjonen og etter EMK.