1. Innleiing

1.1 Bakgrunnen for og føremålet med rapporten

Menneskerettane er universelle. Det inneberer at dei gjeld for kvar og ein. Lhbti+-personar har, på lik linje med andre, rettar etter mellom anna Grunnlova og internasjonale menneskerettskonvensjonar. Blant desse er FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP), FNs konvensjon om økonomiske og sosiale rettar (ØSK), og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Desse konvensjonane er bygde på ålmenne menneskerettslege prinsipp om likehandsaming og ikkje-diskriminering.

Innhaldet i skeive sitt menneskerettslege vern etter dei internasjonale menneskerettskonvensjonane har vakse gradvis fram, og har vore gjenstand for ei betydeleg utvikling dei siste førti åra. Sidan Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) si avgjerd i Dudgeon mot Storbritannia i 1981,1Dudgeon v. Storbritannia (7525/76). der domstolen uttalte at Storbritannia sitt dåverande forbod mot homoseksuelle handlingar var i strid med EMK, har det kome ei rekkje avgjerder frå regionale og andre internasjonale menneskerettsorgan som utpenslar kva vern lhbti+-personar har etter menneskerettskonvensjonane. Ein har mellom anna fått avgjerder om skeive sitt vern mot hatkriminalitet og hatefulle ytringar, anerkjenning  av likekjønna ekteskap, vern mot vald og diskriminering, og kva vilkår styresmaktene har til å setje vilkår for endring av juridisk kjønn for transpersonar.2Sjå høvesvis pkt. 4 og 5 i denne rapporten. Rettsutviklinga er stadig pågåande.

Også i norsk rett har rettane til skeive vakse gradvis fram. Først gjennom innføringa av ikkje-diskrimineringsføresegner mellom anna i arbeidslovgjevinga, og lova om likestilling mellom kjønna frå 1978.3Lova frå 1978 gjaldt i utgangspunktet diskriminering av kvinner og menn, men vart av handhevingsorgana tolka slik at den også omfatta både homofile og transpersonar. Sjå nærare om dette i Anne Hellum og Vibeke Blaker Strand, Likestillings- og diskrimineringsrett (Oslo: Gyldendal, 2022), s. 103. Eit generelt forbod mot diskriminering av skeive kom likevel først med lov om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk i 2013, eit vern som no er vidareført i den noverande likestillings- og diskrimineringslova frå 2017. I 1981 ble «homofil orientering» lagt til som diskrimineringsgrunnlag i dåverande straffelova § 135 a (som no er vidareført i dagens § 185) om hatefulle ytringar, samt den dåverande straffeføresegna om diskriminering. Skeive har sidan dette vore inkludert i straffelova sine føresegner om hatkriminalitet, men diskrimineringsgrunnlaga knytt til skeive har etter kvart blitt fleire. Innføring av åtgang til likekjønna ekteskap i ekteskapslova og lov om endring av juridisk kjønn har også vore sentrale utviklingar.

Ei følgje av denne gradvise utviklinga er at det nærare innhaldet i skeive sitt menneskerettslege vern er fragmentert og vanskeleg tilgjengeleg. Vidare er det menneskerettslege rettskjeldebiletet og utfordringane noko ulike mellom dei ulike gruppene som fell inn under lhbti+-forkortinga.

Føremålet med denne rapporten er å gjere greie for det nærare innhaldet i delar av det menneskerettslege vernet til skeive. Rapporten gir ei overordna oversikt over det menneskerettslege vernet skeive har etter norsk rett og dei ulike internasjonale menneskerettskonvensjonane Noreg er bunden av, på fire utvalde område. Vidare gir rapporten til dels ein historisk oversikt over korleis menneskerettane til skeive har blitt utpensla over tid. Det siste kapittelet i rapporten inneheld også nokre refleksjonar over korleis menneskerettsvernet til skeive vil halde fram med å utvikle seg.

For at menneskerettane til skeive skal kunne verte realiserte og handheva i praksis, er det naudsynt at ein har kunnskap om menneskerettsvernet til desse gruppene. Hovudsiktemålet med denne rapporten er derfor å auke kunnskapen om innhaldet i det menneskerettslege vernet skeive har og kva menneskerettslege plikter styresmaktene har overfor den skeive befolkninga på desse områda. Rapporten gjer også kort greie for korleis norsk rett i dag reflekterer desse menneskerettslege pliktene.

1.2 Innhald og avgrensingar

Skeive har eit breitt og omfattande menneskerettsvern på ei rekkje ulike samfunnsområde, på lik linje med andre. Å gjere greie for alle sider av det menneskerettslege vernet skeive har, vil vere ei omfattande oppgåve. Derfor tek denne rapporten sikte på å gjere greie for det menneskerettslege vernet for skeive knytt opp mot nokre utvalde spørsmål. Den vil dermed ikkje vere uttømande.

Rapporten gjer greie for den rettslege stoda på fire einskilde felt:

  • vern mot diskriminering
  • vern mot hets, trakassering og hatefulle ytringar
  • retten til kjønnsidentitet
  • vern mot vald og overgrep

Sjølv om rapporten er avgrensa til desse temaa, finns det ei rekkje andre sentrale rettigheitsområde der skeive har eit vern. Blant dei er retten til familieliv, retten til helse inkludert behandlingstilbodet til personar kjønnsinkongruens, konverteringsterapi,4NIM har sendt inn to høyringsinnspel til regjeringa sine forslag til forbod mot konverteringsterapi, sjå NIM-H-2022-024, Høringsuttalelse – kriminalisering og markedsføringforbud mot konverteringsterapi, 10. okt. 2022 og NIMs høringsuttalelse – forslag til regulering av konverteringsterapi av 15. okt. 2021. retten til likekjønna ekteskap med meir, for å nemne nokre. Desse er ikkje drøfta i denne rapporten.

Vidare inneheld rapporten ikkje nokon nærare analyse av om, eller i kva grad, styresmaktene gjennom lovverk og praksis per i dag etterlev dei menneskerettslege pliktene sine. Vidare gjer rapporten heller ikkje greie for faktiske tilhøve, men gjer greie for dei rettslege rammene innanfor temaa rapporten tek opp, slik dei ser ut i dag.