2. Oversikt over dei menneskerettslege instrumenta

2.1 Innleiing

Denne delen inneheld ein kort oppsummering av dei mest sentrale relevante menneskerettslege kjeldene, det vil seie dei nasjonale og internasjonale reglane som vernar om menneskerettane til skeive.

Einskilde særleg sårbare eller utsette grupper har etter kvart fått eigne internasjonale menneskerettskonvensjonar, som inneheld særlege rettar som supplerer og penslar ut diskrimineringsvernet som følgjer av dei meir generelle konvensjonane. Dette gjeld til dømes kvinner, etniske minoritetar og personar med funksjonsnedsetjingar.5Også barn har eit eige vern i FNs konvensjon om rettane til barn, og FNs barnekomité har kome med ei rekkje fråsegner som er relevante for rettane til m.a. skeive barn og barn av skeive foreldre, mellom anna når det gjeld diskriminering. Rapporten avgrensar mot dette. For desse gruppene har ein høvesvis fått FNs kvinnekonvensjon, FNs rasediskrimineringskonvensjon, og FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Desse vert gjerne omtalt som FNs ikkje-diskrimineringskonvensjonar, og har blitt til for å styrke desse gruppene sitt vern mot diskriminering og realiseringa av rettane deira.

Lhbti+-personar har ikkje noko eige menneskerettsleg instrument som gir dei vern på bakgrunn av seksuell orientering eller kjønnsidentitet på tilsvarande måte som fleire andre utsette og historisk diskriminerte grupper. Dei er heller ikkje eksplisitt nemnde som menneskerettslege subjekt i nokre av dei eksisterande internasjonale eller regionale menneskerettslege instrumenta. Skeive sitt menneskerettslege vern etter menneskerettskonvensjonane har derimot vakst fram meir gradvis. Det har skjedd gjennom at eksisterande menneskerettskonvensjonar har vorte tolka i lyset av utfordringane til og stoda for skeive gjennom praksisen til menneskerettslege overvakingsorgan, og særleg praksis frå EMD.

2.2 Norsk rett

2.2.1 Grunnlova

Grunnlova er den høgste rettskjelda i Noreg, og er den som har høgst vekt. I 2014 gjekk Grunnlova gjennom ein omfattande revisjon, der mellom anna det menneskerettslege vernet etter Grunnlova vart utvida. Fleire av føresegnene i Grunnlova har særleg relevans for lhbti+-personar. Sentralt står mellom anna Grunnlova § 98 som forbyr usakleg forskjellshandsaming, og Grunnlova § 102 om retten til privatliv.6Grunnlova § 98 og 102 vert ikkje drøfta vidare her, men dei inneberer at styresmaktene må sikre desse rettane i lovverket. Det følgjer vidare av Grunnlova § 92 at dei statlege styresmaktene skal respektere og tryggje menneskerettane slik dei er fastsette i Grunnlova, og i traktatar om menneskerettar som er bindande for Noreg.

2.2.2 Anna intern lovgjeving

Andre sentrale lover for rettane til lhbti+-personar er likestillings- og diskrimineringslova med tilhøyrande lovverk, barnelova, lov om endring av juridisk kjønn, og straffelova sine føresegner om hatkriminalitet. Vidare er menneskerettslova, som gir fem sentrale menneskerettskonvensjonar til norsk rett ei viktig lov, fordi den gir menneskerettane forrang framfor andre nasjonale lover i tilfelle av regelkonflikt.

2.3 Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK)

EMK vart utarbeida av Europarådet i 1950, og tredde i kraft for Noreg i 1953. EMK er inkorporert i norsk rett gjennom menneskerettslova, og går framfor anna norsk lovgjeving dersom det ligg føre motstrid, jf. menneskerettslova § 3.

Etter EMK artikkel 1 skal statane sikre rettane nedfelt i konvensjonen for alle innanfor staten sin jurisdiksjon. Utgangspunktet er at det er staten, det vil seie dei som handlar på vegne av staten, som ikkje skal handle i strid med rettane i konvensjonen. Styresmaktene skal ikkje berre sjølve la vere å gripe inn i menneskerettane, utan at dette er naudsynt og forholdsmessig. Dei også skal sikre at rettane vert gjennomført. Styresmaktene må til dømes sørgje for at alle har rett til eit uavhengig domstolssystem. Men EMD har også lagt til grunn at statane til ein viss grad må verne individ mot andre private sine handlingar. Dette vert gjerne omtalt som styresmaktene si sikringsplikt.

Rettane som er nedfelt i EMK gjeld for alle innanfor staten sin jurisdiksjon, og dei er generelt utforma. Konvensjonen inneheld derfor ingen føresegner som uttrykkeleg omtalar lhbti+-personar. EMD har likevel avsagt ei rekkje dommar som gjeld spørsmål om brot på rettane i konvensjonen på grunnlag av seksuell orientering og kjønnsidentitet. Desse dommane gjeld fleire ulike samfunnsområde, og fleire ulike føresegner i konvensjonen.

EMD har lagt til grunn at EMK er eit levande instrument, og at konvensjonen må verte tolka i lyset av gjeldande samfunnsforhold.7Sjå. t.d. Tyrer v. Storbritannia (5856/72), avsn. 31. Det inneberer at konvensjonen verte tolka dynamisk av domstolen, og at innhaldet i rettane utviklar seg i takt med tida og tilhøva. EMD sin praksis har vore sentral i utviklinga og utdjupinga av kva som ligg i det menneskerettslege vernet for lhbti+-personar.

2.4 FNs menneskerettskonvensjonar

FNs menneskerettskonvensjonar er sentrale kjelder til lhbti+-personar sine rettar. Blant dei mest sentrale er FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP) og FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK). Konvensjonane vart vedtekne i 1966, og Noreg ratifiserte dei i 1972. På same måte som EMK er begge inkorporerte gjennom menneskerettslova, og går framfor anna norsk lovgjeving ved motstrid med andre nasjonale regler, jf. menneskerettslova § 3.

Også SP og ØSK inneheld rettar som er generelt utforma, og ingen av føresegnene nemner lhbti+-personar uttrykkeleg. Begge konvensjonane inneheld likevel ei rekkje rettar som har fått sitt innhald utpensla gjennom praksisen til konvensjonane sine overvakingsorgan. Desse er høvesvis FNs menneskerettskomité og FNs komité for økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Begge komiteane har kome med fleire fråsegner om korleis rettane i konvensjonane vert forstått i ein lhbti+-kontekst.

I tillegg til desse to generelt utforma konvensjonane, har FN også vedteke konvensjonar som retter seg særleg mot spesifikke grupper. Sentralt står mellom anna FNs konvensjon om avskaffing av alle former for diskriminering av kvinner (FNs kvinnekonvensjon), som er ein av FNs ikkje-diskrimineringskonvensjonar. Konvensjonen, som har som føremål å avskaffe diskriminering av kvinner og sikre realiseringa av rettane til kvinner, vart vedteke i 1979, og ratifisert av Noreg i 1980. Kvinnekonvensjonen blei inkorporert i menneskerettslova i 2003, og er gitt forrang på same måte som konvensjonane nemnt ovanfor. Praksisen til FNs kinnekonvensjon sitt overvakingsorgan, FNs kvinnekomité, har vore sentral i utviklinga av lhbti+-personar sitt menneskerettslege vern, mellom anna gjennom fråsegner om det nærare innhaldet i kjønnsdiskrimineringsforbodet i konvensjonen.8Sjå nærare om dette i kap. 3 i rapporten.

2.5 Europarådets konvensjon om førebygging og nedkjemping av vald mot kvinner og i nære relasjonar (Istanbulkonvensjonen)

Konvensjonen er utvikla på bakgrunn av praksis frå særleg EMD, men også frå FNs kvinnekonvensjon. Noreg ratifiserte konvensjonen i 2017, og den er dermed bindande for Noreg. Den er per i dag ikkje inkorporert i norsk rett, og dermed heller ikkje gitt direkte verknad eller forrang på same måte som konvensjonane nemnt ovanfor. Etter det såkalla presumsjonsprinsippet skal norsk rett likevel, så langt det er mogleg, verte tolka i samsvar med konvensjonen. I samband med ratifikasjonen ga Noreg ei fråsegn om at konvensjonen, for Noreg sin del, skal gjelde alle som er utsett for vald i nære relasjonar, uavhengig av kjønn.9I tråd med art. 2 (2) i konvensjonen. Konvensjonen vert overvaka av overvakingsorganet GREVIO.10Council of Europe Expert Group on Action against Violence against Women and Domestic Violence (GREVIO). GREGIO er oppretta i tråd med Istanbulkonvensjonen art. 66.

Konvensjonen inneheld ei rekkje svært konkrete plikter for styresmaktene til å førebyggje, avverje, etterforske, kriminalisere og straffeforfølgje vald mot kvinner og i nære relasjonar, samt å sikre eit tilstrekkeleg hjelpetilbod. Konvensjonen har også eit særleg fokus på utsette grupper i befolkninga, mellom anna lhbti+-personar.

2.6 Ikkje-bindande kjelder

2.6.1 Yogyakarta-prinsippa

Yogyakarta Principles on the Application of International Human Rights Law in Relation to Sexual Orientation and Gender Identity (Yogyakarta-prinsippa) er ein deklarasjon frå 2007, seinare supplert i 2017, med internasjonale prinsipp om bruken av og forståinga av internasjonale menneskerettar i spørsmål om seksuell orientering og kjønnsidentitet. Prinsippa vart utarbeida av ei gruppe internasjonale menneskerettsekspertar, utan involvering frå statar. Dei er utarbeidd med utgangspunkt i avgjerder frå ulike internasjonale klageorgan og domstolar som gjeld rettane til lhbti+-personar. Prinsippa er ikkje rettsleg bindande, men er basert på ekspertgruppa sine tolkingar av eksisterande rettsleg bindande menneskerettslege normer.11International Commission of Jurists (ICJ), Yogyakarta Principles – Principles on the Application of International Human Rights Law in Relation to Sexual Orientation and Gender Identity, Yogyakarta, 2007. Prinsippa viser korleis sentrale menneskerettar, som til dømes retten til privatliv og retten til likebehandling og ikkje-diskriminering har vorte tolka i saker om lhbti+-personar.