7. Avslutning

I denne rapporten har me gått gjennom det menneskerettslege vernet til skeive på fire område. Som gjennomgangen viser, har vernet på desse fire områda gradvis blitt til og styrka seg gjennom tid. Dette er eit resultat av eit samvirke mellom innføring og endring av nasjonal lovgjeving gjennom politiske prosessar, og viktige avgjerder og avklaringar frå nasjonale og internasjonale domstolar og traktatorgan. Samstundes er det verdt å minne om at denne rapporten har avgrensa mot fleire tema der menneskerettane set viktige rammer, til dømes retten til ekteskap, familieliv, retten til helse, og barns særlege rettar.

Mange av spørsmåla i rapporten har handla om korleis allereie eksisterande menneskerettslege normer vert tolka og brukt i lyset av stoda for lhbti+-personar, og særleg gjennom diskrimineringsgrunnlaga «other status» og «sex» i dei ulike menneskerettskonvensjonane. Gjennom at lhbti+-personar har klaga inn einskildsaker for både nasjonale og internasjonale handhevingsorgan, har vernet dei har etter nasjonal og internasjonal rett etter kvart blitt meir og meir konkretisert, mellom anna når det kjem til vernet mot diskriminering og vald, samt anerkjenning av kjønnsidentitet. Mange av spørsmåla handlar også om balansering av ulike rettar opp mot kvarandre, til dømes når det gjeld rekkjevidda av vernet mot hets, trakassering og hatefulle ytringar og korleis dette skal verte balansert med til dømes ytringsfridomen.

Menneskerettane til skeive er eit rettsområde der EMD har tilkjend statane ei stor grad av skjønnsmargin. I kjernen ligg mellom anna ulike verdisyn, moral og religion, som EMD ofte har brukt som eit grunnlag for å vere atterhaldne i prøvinga si. Det har også vore område med mindre grad av europeisk konsensus, altså grad av semje mellom europeiske statar, i spørsmål kring seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Gjennomgangen i denne rapporten viser at det så langt har vore mest utvikling i menneskerettsvernet knytt til seksuell orientering på temaa rapporten gjennomgår, medan ein per i dag ikkje har like mykje praksis knytt til kjønnsidentitet frå dei internasjonale organa. Unntaket er i praksisen knytt til anerkjenning av kjønnsidentitet.

Samstundes viser gjennomgangen at EMD likevel ikkje har veke attende for å trekkje opp tydelege linjer, og slått ned på mellom anna sanksjonering av likekjønna samliv, utilstrekkelege tiltak for å sikre skeive sitt vern mot hatefulle ytringar, vald og diskriminering, samt vilkår for rettsleg anerkjenning for kjønnsidentitet som grip for mykje inn i retten til privatliv. Vidare har ein, særleg i rettspraksisen knytt til anerkjenning av kjønnsidentitet, sett at graden av skjønnsmargin EMD tilkjenner statane kan endre seg, i takt med tida og tilhøva.

Gjennomgangen viser at utviklinga til menneskerettsvernet til skeive er eit tydeleg døme på at menneskerettane er dynamiske. Utviklinga me har sett for skeive sine menneskerettar er stadig pågåande, på same måte som med menneskerettane generelt og for andre grupper med særleg menneskerettsvern. Dette er ei utvikling NIM vil halde fram med å følgje, all den tid mange spørsmål kring skeive sine rettar heilt eller delvis ikkje er handsama nasjonalt eller internasjonalt. Tilrådingar og fråsegner frå traktatorgana til FN og andre menneskerettslege overvakingsorgan vil òg halde fram med å gi nye og viktige leiesnorer for kva styresmaktene bør gjere for å ytterlegare styrke menneskerettsvernet skeive har.

Ein sentral del av menneskerettsvernet er at menneskerettane vert sikra i praksis. Utan kunnskap om rettane skeive har, er det vanskeleg å etterleve og handheve dei. Me vonar at denne rapporten kan vere eit verktøy for alle som arbeider med og er opptekne av skeive sine menneskerettar.