4. Vern mot hets, trakassering og hatefulle ytringar

4.1 Menneskerettslege rammer

4.1.1 EMK

EMD har slått fast i ei rekkje avgjerder at både seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk er ein verna del av privatlivet etter EMK artikkel 8.41Sjå m.a. Dudgeon v. Storbritannia (7525/76), X og Y v. Nederland (8978/80), van Kück v. Tyskland (35968/97), Sousa Goucha v. Portugal (70434/12), for å nemne nokre. Domstolen har slått fast at omgrepet «privatliv» i EMK omfattar den fysiske og psykiske integriteten til ein person, og at dette inkluderer seksuell orientering. Eit døme er den tidlegare nemnde Dudgeon mot Storbritannia frå 1981, som omhandla lovgjeving som forbaud seksuelle handlingar mellom menn.

Her slo EMD fast at slik lovgjeving utgjorde eit brot på klagaren sin rett til privatliv, som «included his sexual life – a most intimate aspect of private life»EMD har opprettheldt denne ståstaden i ei lang rekkje seinare dommar.

Vidare har EMD i fleire avgjerder lagt til grunn at styresmaktene, etter omstenda, kan ha ei positiv plikt til å verne ulike grupper mot hatefulle ytringar. Sentralt når det gjeld seksuell orientering står avgjerda til EMD i Beizaras og Levickas mot Litauen frå 2020.42Beizaras og Levickas v. Litauen (41288/15). Saka gjaldt spørsmålet om litauiske styresmakter hadde oppfylt plikta si til å verne to unge homofile menn som hadde publisert eit bilete på Facebook av at dei kyssa. Dei fekk deretter ei rekkje grove kommentarar, som mellom anna knytte seg til at dei burde brenne, bli utrydda og kastrert. Fleire av kommentarane inneheldt hatefulle kommentarar om homofile generelt. Litauiske styresmakter hadde ikkje initiert etterforsking av saka.

EMD handsama saka på bakgrunn av artikkel 8 om retten til privatliv, samanheldt med artikkel 14 som forbyr diskriminering på grunn av mellom anna seksuell orientering.43Seksuell orientering omfattast av diskrimineringsgrunnlaget «other status» i art. 14. Sjå nærare om diskrimineringsforbodet i art. 14 i kap. 3 i denne rapporten. I avgjerda gjorde domstolen ei inngåande prøving. Domstolen understreka at det ikkje var opp til den, men til dei nasjonale litauiske domstolane, å gjere sjølve vurderinga av om dei konkrete ytringane oppfordra til vald eller liknande, medan EMD skulle vurdere om bruken av nasjonal rett var i tråd med EMK. I denne saka hadde ikkje litauiske styresmakter gjort noko vurdering av om ytringane oppfordra til vald eller tilsvarande. Domstolen framheva også at statspartane har ei smal skjønnsmargin når det gjeld diskriminering på grunn av seksuell orientering, men at skjønnsmarginen varierer avhengig av omstenda og saka si art og bakgrunn. Domstolen peika også på at forskjellsbehandling aleine basert på seksuell orientering er uakseptabelt etter konvensjonen.44Beizaras og Levickas v. Litauen, avs. 114.

Då saka gjekk for EMD gjorde litauiske påtalemakta det gjeldande at terskelen for kva som var å rekne som hatefullt ikkje var nådd i saka. EMD uttalte til dette for det første at det ikkje er naudsynt at ytringar inneheld oppfordringar til vald eller andre kriminelle handlingar for at det skal nå opp til terskelen for kva som er hatefullt og som styresmaktene har ei plikt til å handle for å verne mot. For det andre uttalte EMD at dersom dei aktuelle kommentarane ikkje vart rekna som ytringar som oppfordra til vald, var det vanskeleg å førestille seg kva type ytringar som ville ha vore tilstrekkeleg grove.45Ibid., avsn. 119. Ved å ikkje etterforske hadde styresmaktene, i det minste, tolerert slike ytringar. På bakgrunn av dette kom EMD einstemmig til at det innebar brot på artikkel 8 jf. artikkel 14 at litauiske styresmakter ikkje hadde utøvd plikta til å effektivt etterforske om ytringane oppfordra til vald eller hat mot homofile.46EMD kom også til at det låg føre brot på EMK art. 13 om retten til eit effektivt rettsmiddel. Avgjerda viser at EMD går grundig inn i vurderingane gjort av nasjonale styresmakter, der domstolen finn grunn til å vurdere om nasjonale forbod mot hatefulle ytringar retta mot ei bestemt verna gruppe vert praktisert på anna vis enn mot ei anna gruppe.[6] Domstolen viste også her til at diskriminering basert på seksuell orientering er like alvorleg som diskriminering basert på etnisitet, som litauiske styresmakter oppfylte etterforskingsplikta si for på ein meir effektiv måte.

I ei liknande avgjerd mot Litauen frå 2023 konkluderte EMD annleis. Valaitis mot Litauen gjaldt ein homofil mann som hadde motteke ei rekkje hatefulle kommentarar på nett, i etterkant av ein tv-opptreden.47Valaitis v. Litauen (39375/19). Ytringane var grove i natur, både mot klagaren og mot homofile generelt, og dei grovaste omhandla at homofile burde bli sendt til konsentrasjonsleirar. I utgangspunktet vart det ikkje satt i gang etterforsking av ytringane, men melom anna på bakgrunn av at det vart fremja klage på avgjerda om å ikkje etterforske og avgjerda i Beizaras og Levickas mot Litauen, vart det sett i gang ei etterforsking. Etterforskinga vart avslutta utan at det vart teke ut noko tiltale.

EMD handsama denne saka som eit spørsmål om EMK artikkel 13 og retten til eit effektivt rettsmiddel, og kom til at det ikkje låg føre brot. I motsetnad til i Beizaras og Levickas mot Litauen, hadde ein her sett i gang ei etterforsking, men som ikkje ga noko resultat i form av tiltale. EMD viste til at sjølv om litauiske styresmakter her hadde ei plikt til å setje i gang etterforsking av hatefulle ytringar, er det ikkje noko krav etter EMK at ei etterforsking må leie til eit spesifikt resultat, til dømes tiltale eller dom.

Også avgjerder som i utgangspunktet handlar om inngrep i andre rettar etter EMK kan ha relevans for lhbti+-personar sitt vern mot hets, trakassering og hatefulle ytringar. Praksis kring retten til ytringsfridom etter EMK artikkel 10 er eit døme på dette.

Eit slikt døme er Vejdeland m. fl. mot Sverige.48Vejdeland m. fl. v Sverige (1813/07). Sjå også Lilliendahl v. Island (29297/18). I denne saka hadde klagaren blitt dømt i svenske domstolar for diskriminerande homofobe ytringar. Klagaren hadde distribuert flygeblad på ein vidaregåande skule, der det mellom anna sto at lærarane var anti-svenske fordi dei ikkje retta fokus mot at homofile, ifølgje klagaren, hadde ein destruktiv moral til skade for samfunnet. I flygeblada hadde elevane blitt oppfordra til å seie at levesettet til homofile var ein av hovudårsakane til HIV/AIDS-epidemien, og at homolobbyen prøvde å underspele pedofili. Flygeblada stilte spørsmål om seksuelle avvik skulle vere lov. Svenske domstolar ga ein straffereaksjon i form av ei bot.

Klagaren meinte at dommen og bota innebar eit ulovleg inngrep i ytringsfridomen hans etter artikkel 10. I vurderinga av skjønnsmarginen uttalte EMD at

«the Court must determine, in the light of the case as a whole, including the content of the comments held against the applicants and the context in which they made them, whether the interference at issue was ‘proportionate’ to the legitimate aim pursued and whether the reasons adduced by them to justify the interference are ‘relevant and sufficient’.»49Ibid., avsn. 52.

Domstolen uttalte også at ytringsfridomen også gjeld ytringar som er sjokkerande, fornærmande, og forstyrrande.50Ibid., avsn. 70. Samstundes uttalte domstolen at svensk høgsterett at hadde gjort ei balansert vurdering, der retten mellom anna trakk fram at flygeblada hadde blitt lagt i elevane sine skap slik at dei ikkje kunne unngå dei, at ytringane var unødvendig støytande, og at det hadde blitt ilagd bot som straffereaksjon og ikkje fengsel. EMD kom til at inngrepet i klagaren sin ytringsfridom oppfylte vilkåra for inngrep i ytringsfridomen etter artikkel 10, og at det dermed ikkje førelåg brot på retten hans til ytringsfridom.51Sjå nærare om vilkåra for inngrep i rettar i EMK i pkt. 2.2 i denne rapporten.

Ei anna relevant avgjerd i denne samanhengen er Macatė mot Litauen.52Macaté v. Litauen (61435/19). Saka hadde bakgrunn i at ein litauisk, lesbisk barnebokforfattar hadde skrive ein bok med nytolkingar av tradisjonelle eventyr, der nokre av eventyra hadde rollefigurar i likekjønna forhold. Målgruppa til boka var barn i tiårsalderen. Kort tid etter at boka blei gitt ut fekk både forlaget og det litauiske kulturdepartementet, som hadde gitt økonomisk støtte til publiseringa, ei rekkje klagar. Boka vart trekt attende, og utgitt på ny med merking om at innhaldet i boka kunne vere skadeleg for born under 14 år.

Forfattaren klaga saka inn for EMD, og meinte at attendetrekkinga og merkinga utgjorde eit ulovleg inngrep i ytringsfridomen hennar etter EMK artikkel 10. EMD gjorde her ei inngåande prøving, og kom til at tilbaketrekkinga og merkinga av boka ikkje hadde eit legitimt føremål. Ifølge EMD kunne ein vanskeleg sjå at føremålet bak restriksjonane på boka var å hindre barn i å lese om likekjønna par. Domstolen viste mellom anna til at forskjellsbehandling basert på seksuell orientering krev svært overtydande og tungvegande grunnar for å vere legitime, og gjentok at forskjellsbehandling utelukkande basert på betraktningar om seksuell orientering ikkje er akseptabelt etter EMK.53Ibid., avsn. 209.

Per i dag har ikkje EMD behandla nokre saker om hatefulle ytringar retta mot nokon på grunn av kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.54Per kjeldesøk 31. mai 2023.

4.1.2 SP

FNs menneskerettskomité har så langt behandla éi individklagesak som indirekte omhandla seksuell orientering. I Kirill Nepomnyashchiy mot Russland, var spørsmålet om Russland hadde krenka ytringsfridomen til ein person etter SP artikkel 19. Personen hadde blitt ilagd ein administrativ reaksjon som følgje av at han hadde hengt opp ein plakat i eit barnebibliotek der det sto at homofili var ei sunn form for seksualitet, og at vaksne og barn skulle vite dette.

Komiteen viste til at:

«The Committee recalls its general comment No. 34, citing general comment No. 22 (1993) on the right to freedom of thought, conscience and religion in which it stated that ‘“the concept of morals derives from many social, philosophical and religious traditions; consequently, limitations … for the purpose of protecting morals must be based on principles not deriving exclusively from a single tradition”. Any such limitations must be understood in the light of universality of human rights and the principle of non-discrimination.’ Therefore, any such laws must also be compatible with the provisions, aims and objectives of the Covenant, including the non-discrimination provisions.»55FNs menneskerettskomité, CCPR/C/123/D/2318/2013, avsn. 7.8.

Komiteen kom altså til at reaksjonen frå styresmaktene mot denne personen var eit brot på artikkel 19.

NIM er ikkje kjend med at det per i dag ligg føre praksis frå Menneskerettskomiteen som gjeld kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk og hatefulle ytringar på grunn av desse grunnlaga.

4.2 Norsk rett

4.2.1 Straffelova § 185 mv.

Det finns fleire lover som inneheld føresegner som gir vern mot hets, trakassering og hatefulle ytringar. Sentralt står straffelova § 185, som vernar fleire minoritetsgrupper, og gjer det straffbart å framsetje hatefulle ytringar som knyt seg til bestemte diskrimineringsgrunnlag.

Det følgjer av straffelova § 185 første avsnitt at den som forsettleg eller grovt aktlaust framsetje ei diskriminerande eller hatefull ytring vert straffa med bot eller fengsel inntil tre år. Det følgjer vidare at den som i nærleiken av andre forsettleg eller grovt aktlaust framset ei slik ytring overfor ein som vert råka ramma av denne, vert straffa med bot eller fengsel i inntil eitt år. Det følgjer vidare av andre avsnitt i føresegna at det med diskriminerande eller hatefull ytring er meint å true eller håne nokon, eller fremje hat, forfølging eller ringeakt over nokon, mellom anna på grunn av deira seksuelle orientering, jf. bokstav c, eller kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, jf. bokstav d.56Sjå nærare om desse diskrimineringsgrunnlaga i pkt .4.3.

Homofile har hatt vern mot hatefulle ytringar sidan diskrimineringsgrunnlaget «homofil orientering» vart tatt inn som eit verna diskrimineringsgrunnlag i straffelova sine dåverande føresegner om hatkriminalitet, inkludert hatefulle ytringar, i 1981. Ordlyden i vilkåret vart endra til «seksuell orientering» frå 1. januar 2021. Bakgrunnen for endringa var mellom anna å tydeleggjere i ordlyden at også til dømes bifile hadde eit vern etter føresegna. Samstundes som ein endra «homofil orientering» til «seksuell orientering» vart «kjønnsidentitet» og «kjønnsuttrykk» også tekne inn som eigne verna grunnlag i føresegnene om hatkriminalitet, inkludert hatefulle ytingar. Føremålet med endringa var, ifølgje førearbeida, å verne transpersonar og andre som har ei kjønnsidentitet eller eit kjønnsuttrykk som bryt med forventningane til omgivnadane.57I sjølve innstillinga til lovendringsforslaget uttalte fleirtalet i justiskomiteen at «personer som utfordrer samfunnets normer knyttet til kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk utgjør en utsatt gruppe når det gjelder diskriminering, trakassering og vold» og at det var «nødvendig og viktig å verne denne gruppen mot hatkriminalitet». Fleirtalet understreka samstundes at «det kun er alvorlige krenkelser som skal straffes», til dømes «utsagn som oppfordrer eller gir tilslutning til integritetskrenkelser overfor transpersoner og utsagn som innebærer en grov nedvurdering av transpersoners menneskeverd».

Det straffbare er å framsetje ei hatefull ytring offentleg eller i nærleiken av andre. For å avgjere om ei ytring fell innanfor dette vilkåret, må ein først tolke ytringa for å fastleggje meiningshaldet i den. Vidare må straffeloven § 185 verte forstått i lyset av dei internasjonale pliktene Noreg har til å verne mot slike diskriminerande ytringar, og også verte vege mot omsynet til ytringsfridomen i Grunnlova § 100 og i internasjonale konvensjonar.

Terskelen for kva som er straffbart etter straffelova §185 er høgare enn det ein kan få inntrykk av etter å ha lese ordlyden. Høgsterett har uttalt at det gjeld ein relativt rommeleg margin for smaklause ytringar, også utanfor kjerneområdet til ytringsfridomen. For at ei ytring skal vere straffbar, er det eit krav om at den er kvalifisert krenkande. Høgsterett har utdjupa og uttalt at det typisk vil vere ytringar som inneberer ei grov nedvurdering av nokon sitt menneskeverd, eller som gir tilslutning til eller oppmodar til vald mot nokon, på grunn av eit verna diskrimineringsgrunnlag, til dømes seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.

Høgsterett har avsagt éi avgjerd om hatefulle ytringar på grunn av seksuell orientering, attende i 1984. Saka gjaldt en pastor i ein kyrkjelyd som kom med nedsetjande ytringar mot homofile i ei nærradio-sending. 58Rt-1984-1359 (Bratterud-kjennelsen). Pastoren hadde mellom anna oppfordra til å fjerne homofile som oppmoda andre til homofili frå leiande stillingar. I dommen kom Høgsterett med viktige avklaringar om tilhøvet til ytringsfridomen, samt tilhøvet til religionsfridomen. Høgsterett slo mellom anna fast at direkte sitat frå Bibelen og nær attgiving av, forkynning av og tekstnær utlegging fall utanfor den dåverande straffeføresegna mot hatefulle ytringar, og dermed ikkje var forbode. Dette var ikkje tilfelle for dei ytringane pastoren hadde fremja om å fjerne homofile frå stillingane sine. Høgsterett kom dermed til at det låg føre brot på forbodet mot hatefulle ytringar.

Høgsterett har avsagt éi rettskraftig avgjerd om hatefulle ytringar på grunn av kjønnsidentitet.59HR-2022-1843-A. I dommen, der Høgsterett brukte grunnlaget for fyrste gong, understrekte retten at terskelen skulle vere den same for denne gruppa som for andre grupper som er verna i straffelova § 185. Saka gjaldt ytringar retta mot ei transkvinne i eit kommentarfelt på Facebook. Ein felles Facebookvenn av fornærma og tiltalte hadde starta ein kommentartråd om ein nyhendeartikkel. I kommentartråden hadde tiltalte mellom anna skrive «perverse mannegris som permalaiver at de er småpiker har vel strengt tatt ingen injurierende kraft» og «tror du virkelig at et eneste menneske tror du er et kvinnemenneske og ikke en gubbe med rare fantasier?». Vidare hadde tiltalte skrive at det er «uforståelig for meg at myndighetene fremdeles at du har omsorgsansvar for barn, og uttalt at fornærma si kjønnsidentitet var ein «syk fantasi» i sinnet hennar.

Desse nedsetjande karakteristikkar vart funne straffbare. Høgsterett understreka samstundes at det var åtgang til å ha negative synspunkt på kjønnsbekreftande behandling, men at slike må verte fremja utan grovt nedvurderande karakteristikkar mot transpersonar som er eigna til å svekkje menneskeverdet deira.

I tillegg til forbodet mot hatefulle ytringar finns det og andre føresegner i straffelova som, etter omstenda, kan råke negative ytringar retta mot skeive. Døme på dette er straffelova § 263 om trugsmål, § 266 om omsynslaus åtferd, § 267 om krenking av privatlivets fred, og § 266 (a) om alvorleg personforfølging.60For underrettspraksis om omsynslaus åtferd, sjå LB-2019-3868, samt TOFOT-2019-126796 – TOFOT-2019-126785. Dersom vilkåra for å straffe etter ein eller fleire av desse føresegnene er til stades, skal det i skjerpande retning ved straffeutmålinga verte medrekna om lovbrotet hadde bakgrunn mellom anna i nokon si seksuelle orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, jf. straffelova § 77 bokstav (i).

4.2.2 Likestillings- og diskrimineringslova mv.

Det er ikkje berre i straffelova at ein finn vern mot negative ytringar retta mot lhbti+-personar. Etter likestillings- og diskrimineringslova § 13 er trakassering på grunn av mellom anna seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk forbode.61Sjå nærare om desse diskrimineringsgrunnlaga i pkt 4.3 i denne rapporten. Trakassering er definert som handlingar, unnlatingar eller ytringar som har som føremål eller verknad å vere krenkande, skremmande, fiendtlege, nedverdigande eller audmjukande, jf. § 13 andre avsnitt.

Det er presisert i førearbeida at vilkåra skremmande og fiendtlege er meint å omfatte trugsmål om skadeverk eller vald.62Prop. 81 L (2016–2017, s. 320. Vidare følgjer det av førearbeida at vilkåra krenkande, nedverdigande og audmjukande ikkje skal verte tolka for snevert.63Ibid.

Trakasseringsforbodet liknar på diskrimineringsforbodet, omtalt ovanfor, og det er ikkje alltid lett å skilje dei frå kvarandre i praksis.64Sjå nærare om dette i Anne Jorun Bolken Ballangrud og Margrethe Søbstad, Likestillings- og diskrimineringsloven. Lovkommentar, Universitetsforlaget (2022), s. 282. Sist lest 19. juni 2023. Ein sentral forskjell er at trakasseringsforbodet også omfattar nettopp ytringar, i motsetning til diskrimineringsforbodet. Trakasseringsforbodet har heller ikkje unntaksreglar, men er eit absolutt forbod.65Ibid. At trakasseringsforbodet omfattar ytringar inneberer også at det har ei side til ytringsfridomen. Både skriftlege og munnlege ytringar er omfatta, samt bruk av symbol.66Prop. 81 L (2016–2017), s. 319. Utifrå ordlyden må ein leggje til grunn at forbodet er teknologinøytralt, slik at både trakassering som skjer på digitale flater er omfatta.67Sjå også Ballangrud og Søbstad, pkt. 13.3.3.

Den trakasserande åtferda må ha samanheng med eit eller fleire av dei  verna diskrimineringsgrunnlaga, som seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, ein kombinasjon. Det er likevel ikkje slik at den trakasserande åtferden uttrykkeleg må vise til eit eller fleire av desse tilhøva ved ein person. Også trakassering på grunn av forhold som indirekte er knytt til eller er uttrykk for eit eller fleire av grunnlaga vil også vere omfatta.68Ot.prp. nr. 33 (2004–2005), s. 107. Dette er vidareført i den gjeldande likestillings- og diskrimineringslovgjevinga. Også negativ åtferd som er motivert av til dømes seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk er omfatta. I førearbeida står det at åtferda må  «være motivert av eller faktisk rette seg mot fordommer eller hat overfor faktiske eller tillagte egenskaper ved personer eller grupper, og at disse egenskapene tillegges negativ verdi», der eit «vurderingstema er om atferden synes å være bygget på negative stereotypier, fordommer eller forakt mot forhold som» mellom anna seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.»69Prop. 81 L (2016–2017), s. 178. Sjå også Ballangrud og Søbstad (2022), pkt. 13.2.2

Terskelen for kva som er å rekne som trakassering etter likestillings- og diskrimineringslova er lågare enn terskelen for til dømes hatkriminalitet og hatefulle ytringar etter straffelova. I førearbeida til likestillings- og diskrimineringslova står det at ein ved vurderinga av om eit forhold er å rekne som trakassering, må ein gjere ei heilskapsvurdering. Vurderinga skal ta utgangspunkt i opplevinga til den som meiner at hen har vore utsett for trakassering.70Prop. 81 L (2016–2017), s. 320.

Ein må likevel supplere den subjektive vurderinga til den einskilde med ei meir objektiv vurdering av kor alvorleg forholdet er. Det vil med andre ord kunne vere tilfelle der ein person kan oppleve at hen har blitt utsett for trakassering, medan eit handhevingsorgan etter ei konkret vurdering kan kome til at åtferda objektivt sett ikkje er av ei alvorsgrad som gjer at det er å rekne som trakassering etter lova. I vurderinga er det mellom anna relevant å leggje vekt på kor grovt forholdet er, omstenda kring handlinga eller ytringa, og om forholdet har vart over tid eller om det er eit einskildtilfelle.71Ibid.

Eit sentralt element i trakasseringsforbodet etter likestillings- og diskrimineringslova er at både føremål og verknad er omfatta i trakasseringsforbodet. Det vil seie at både tilsikta og utilsikta trakassering er forbode. Dette inneberer også at åtferd som har som føremål å vere trakasserande kan vere omfatta, sjølv om den som vert utsett for det ikkje opplev åtferda som trakassering.72Prop. 81 L (2016–2017), s. 319. Motsett vil åtferd som har som verknad å vere krenkande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande eller audmjuke, kunne verte omfatta av forbodet, sjølv om det ikkje var føremålet med åtferda.73Sjå også Ballangrud og Søbstad (2022), pkt. 13.3.2. Ein har med andre ord ikkje det same skuldkravet som ein finn i straffelova.

Skuldgrada til den ansvarlege vil likevel vere relevant ved vurderinga av alvorsgrada til forholdet. Til dømes vil det vere eit moment om den utsette har gitt uttrykk for at åtferda ikkje er ynskja, eller om den ansvarlege av andre grunnar forstod eller burde ha forstått at åtferda hadde ei trakasserande effekt. Samstundes er det ikkje noko krav at den utsette må ha gitt uttrykk for åt åtferda ikkje er ynskja.74Ibid.

Eit anna sentralt element er at trakasseringsforbodet gjeld åtferd som er retta mot ein eller fleire bestemte personar. Dette følgjer ikkje eksplisitt av lovteksten, men følgjer mellom anna av førearbeida. I desse er det presisert at den trakasserande åtferda må ha ein klår adressat.75Prop. 81 L (2016–2017), s. 178. Dette følgjer også av ei tolking av ldl. § 13 i lyset av  Grl. § 100. Sjå nærare om dette i førearbeida på same stad og i Ballangrud og  Søbstad (2022), pkt. 13.1 og 13.11.

I tillegg til i dei ordinære domstolane vert likestillings- og diskrimineringslova òg handheva av Diskrimineringsnemnda. Nemnda behandlar einskildklagesaker om både diskriminering og trakassering, og er meint å vere eit lågterskelalternativ til domstolane.