Å ta CRPD inn i loven er berre starten

Rullestolsikon i rød og grønn farge på lys blå bakgrunn, bak skriften "CRPD" i rød og mørkeblå gradert farge.

Kronikk av Eivind Digranes, rådgiver i NIM . Opprinnelig publisert i Vårt Land 29. november 2021.

Endeleg skal konvensjonen som skal sikre menneskerettane til funksjonshemma inn i norsk lov. Det bør vere startskotet for eit paradigmeskifte i tilnærminga til funksjonshemma i Noreg.

I vår røysta Stortinget over om FN-konvensjonen om rettigheitene til personar med funksjonsnedsettingar skulle bli tatt inn i norsk lov. Spørsmålet var om konvensjonen, som Noreg allereie har ratifisert, skulle bli ein del av det norske lovverket på lik linje med andre menneskerettskonvensjonar.

På trass av appell frå eit samla sivilt samfunn, Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) og Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), blei forslaget nedstemt med knapp margin.

Gledelege nyheiter

No har den politiske situasjonen endra seg. Støre-regjeringa varslar i Hurdalsplattformen at Funksjonshemmakonvensjonen – eller CRPD – skal inkorporerast i norsk lov.

Dette er svært gledelege nyheiter. Det er prinsipielt uheldig at Funksjonshemmakonvensjonen framleis er utelaten, medan dei andre diskrimineringskonvensjonane – Kvinnekonvensjonen og Rasediskrimineringskonvensjonen – allereie er tatt inn i det norske lovverket. Det same er Barnekonvensjonen. Det er på tide at dette blir retta opp i.

«Det er ein tydeleg beskjed om at funksjonshemma ikkje lenger skal bli sett på som passive brukarar, men likestilte borgarar.»

Ein tydeleg beskjed

Ved å gjere Funksjonshemmakonvensjonen til ein del av norsk rett, vil konvensjonen og rettane den vernar, få ein styrka rettsleg posisjon i Noreg. Saker om etterleving av konvensjonen vil kunne bli tatt direkte til norske domstolar. Om Funksjonshemmakonvensjonen blir tatt inn i Menneskerettsloven, vil konvensjonen ha forrang i tilfelle der det er motstrid med norsk lov.

Inkorporering vil også bidra til å gjere konvensjonen meir tilgjengeleg og kjend, og sende eit viktig signal om at staten tar funksjonshemma sine grunnleggjande menneskerettar på alvor. Det er ein tydeleg beskjed om at funksjonshemma ikkje lenger skal bli sett på som passive brukarar, men likestilte borgarar med like rettigheiter og plikter som alle andre.

Det er med andre ord mange gode grunner til å ta inn Funksjonshemmakonvensjonen i norsk lov. Samtidig er det viktig å minne om at Noreg ratifiserte Funksjonshemmakonvensjonen utan reservasjonar heilt tilbake i 2013, og har sidan då vore folkerettsleg forplikta til å oppfylle konvensjonen i sin heilskap. Dei menneskerettslege forpliktingane norske styresmakter har etter konvensjonen vil difor vere akkurat dei same som i dag, også etter inkorporering.

Utfordringane forsvinn ikkje

Det er heller ikkje slik at inkorporering i seg sjølv vil løyse alle menneskerettslege utfordringar funksjonshemma møter i Noreg. Også innanfor dei konvensjonane som allereie er inkorporert i lovverket, finns det framleis ei rekke menneskerettslege problemstillingar som norske styresmakter mottar kritikk for.

«Altfor mange opplever diskriminering, utestenging og barrierar i det norske samfunnet.»

Høyringa av Noreg i FN-komiteen som overvaker Funksjonshemmakonvensjonen (CRPD-komiteen) i 2019 viste òg tydeleg at det eksisterer mange menneskerettslege utfordringar på dette feltet. Dette gjeld mellom anna når det kjem til verjemålsordninga, tvang i psykisk helsevern, institusjonalisering, kommunale forskjellar i tilgang til rettigheiter, manglande tilgjengelegheit, og diskriminering. Desse utfordringane forsvinn ikkje over natta, sjølv om konvensjonen blir ein del av norsk rett.

Funksjonshemma utgjer den største minoriteten i Noreg. Altfor mange opplever diskriminering, utestenging og barrierar i det norske samfunnet. Innlemming av Funksjonshemmakonvensjonen i norsk rett vil vere eit viktig grep for å signalisere at funksjonshemma skal ha like rettigheiter og moglegheiter som alle andre.

Ein gyllen moglegheit

Likevel er ikkje inkorporering åleine nok. I staden er det ein gyllen moglegheit til å sette i gang eit større arbeid for å styrke menneskerettane til funksjonshemma i Noreg.

Inkorporering av Funksjonshemmakonvensjonen i norsk lov må berre vere startskotet for eit paradigmeskifte i tilnærminga til funksjonshemma – frå å fokusere på diagnosar og omsorg til å sette søkelys på rettigheiter og samfunnsskapte barrierar.

Ein plass å starte er å erstatte verjemålsinstituttet med eit system for beslutningsstøtte som sikrar autonomi og sjølvråderett for den enkelte, og få på plass ein ny tvangsavgrensingslov som betre sikrar rettane til funksjonshemma.

Ein annan er å sikre at alle med assistansebehov får brukarstyrt personleg assistanse (BPA), og kan leve frie og sjølvstendige liv. Eller trappe opp innsatsen for å styrke kompetansen om desse rettigheitene blant kommunalt tilsette. Utfordringane er mange.

Inkorporering er ikkje slutten. Det er no det verkelege arbeidet startar.