Den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi

17. mai er, i tillegg til å vere Noregs grunnlovsdag, den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi. Sidan 2005 har ein markert dagen ved å rette merksemd mot og fremje fokus på lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt-personar) sine rettar og situasjon verda rundt.

Sidan førre 17. mai har ein sett fleire framsteg for lhbt-rettar internasjonalt. Til dømes har homofili blitt avkriminalisert i Bhutan. I Sveits har ein kome nærare å tillate likekjønna ekteskap. I mars i år kom ein japansk distriktsdomstol til at det er i strid med den japanske grunnlova at det ikkje er tillate for personar av same kjønn å gifte seg.

Også i Noreg har ein sett framsteg. I haust vedtok Stortinget å innlemme kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk som verna diskrimineringsgrunnlag i den norske straffelova. Det inneber i praksis at transpersonar har fått eit eksplisitt vern etter straffelova sine føresegner om hatkriminalitet og hatefulle ytringar, på same måte som homofile, personar med funksjonsnedsettingar, og etniske og religiøse minoritetar.1Ordlyden «homofile orientering» vart også endra til «seksuelle orientering», for å synleggjere at også bifile har vern etter dei same føresegnene.

Diverre ser ein også tilbakeslag. Homofili er framleis kriminalisert i over 60 statar. Lhbt-rettar møter òg aukande motstand fleire stadar i Europa, mellom anna i Ungarn og i Polen. I 2020 innførte det ungarske parlamentet lovgjeving som i praksis gjer det umogleg for transpersonar å endre juridisk kjønn, noko som gjer at dei i større grad risikerer å bli utsett for trakassering og vald. I Polen har ein over lengre tid operert med såkalla «lhbt-frie» sonar. Polen har òg uttrykt ynskje om å trekkje seg frå Europarådets konvensjon for førebygging og nedkjemping av vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbulkonvensjonen), på bakgrunn av at polske styresmaktene mellom anna meiner den fremjar «kjønnsideologi» og utgjer eit trugsmål mot «tradisjonelle familieverdiar.» 2Tyrkia trakk seg frå Istanbulkonvensjonen tidlegare i år, med liknande grunngjeving. Som eit motsvar til utviklinga i Polen har EU erklært seg som ein lhbt-fridomssone.

Den negative utviklinga er ei påminning om korleis hardt vunne rettar raskt kan verte viska vekk. Under covid-19-pandemien har ein sett korleis allereie utsette grupper i samfunnet, inkludert lhbt-personar, vert enda meir utsette. FNs høgkommissær for menneskerettar har peika på lhbt-personar sine menneskerettar har blitt satt under eit enda større press enn dei allereie er, som følgje av pandemien.

Å hindre hatkriminalitet mot og diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar er ei menneskerettsleg plikt for staten. Denne plikta følgjer mellom anna av Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Å markere den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi er eit viktig ledd i arbeidet for å gjere lhbt-personar meir synlege i samfunnet, og å setje søkjelyset på menneskerettsutfordringane dei framleis møter. Det er ein viktig del av kampen for å sikre like menneskerettar for alle, uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsutrykk.