Høgsterett med dom om seksuell trakassering før jul

Fasaden på Høyesteretts hus i Oslo.
Fasaden på Høyesteretts hus i Oslo.

På tampen av fjoråret avsa Høgsterett dom i ei sak om seksuell trakassering. Dommen gir rettleiing om den nedre grensa for forbodet mot seksuell trakassering.

Dommen, avsagt 22. desember 2020, gjaldt ei ung kvinne som opplevde fleire uønskte tilnærmingar frå kundar på arbeidsplassen. Mellom anna hadde ein mann ved eit høve lagt henda sine på den nedre delen av ryggen hennar, under genseren, medan ho arbeidde. Ved eit anna høve hadde den same personen strekt ut handa og lata som om han skulle ta ho i skrittet.

Høgsterett kom til at begge episodane var å rekne som seksuell trakassering, og at det låg føre brot på forbodet mot seksuell trakassering etter likestillingslova. Kvinna vart også tilkjent oppreising.

Dommen er tilgjengeleg her.

Saka blei handsama etter den gamle likestillingslova frå 2013, som gjaldt på tidspunktet for episodane. I dag følgjer forbodet mot seksuell trakassering av likestillings- og diskrimineringslova § 13.

Få saker om seksuell trakassering vert handsama i domstolane. Det finns derfor lite rettspraksis som omhandlar terskelen for kva som er seksuell trakassering i lova si forstand. Dommen frå Høgsterett er dermed prinsipielt viktig, og gir rettleiing om den nedre grensa for forbodet mot seksuell trakassering. Dommen kan mellom anna gi viktig rettleiing for Diskrimineringsnemnda, som har som oppgåve å avgjere klagesaker om trakassering og diskriminering. Nemnda fekk myndigheit til å handsame saker om seksuell trakassering i januar i fjor.

Noreg er menneskerettsleg forplikta til å sikre eit vern mot seksuell trakassering. Plikta følgjer mellom anna av Europarådets konvensjon om førebygging og motarbeiding av vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbulkonvensjonen). Av Istanbulkonvensjonen artikkel 40 følgjer det at staten «skal ved lovgiving eller på annan måte treffe dei tiltaka som er nødvendige for å sikre straffeforfølging eller anna rettsforfølging av ei kvar form for uønskt verbal, ikkje-verbal eller fysisk åtferd av seksuell art som har som føremål eller verknad å krenkje ein person sin vørdnad, særleg når åtferda skaper eit truande, fiendtleg, fornedrande, audmjukande eller ubehageleg miljø.»