Den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi

17. mai er, i tillegg til å vere Noregs grunnlovsdag, den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi. Sidan 2005 har ein markert dagen ved å rette merksemd mot og fremje fokus på lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt-personar) sine rettar og situasjon verda rundt.

I år er det det er femti år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg. Den 21. april 1972 oppheva Stortinget § 213 i straffelova, som slo fast at seksuelt samkvem mellom menn var forbode. Opphevinga av paragrafen var ein viktig siger for den skeive rettigheitsrørsla, og eit viktig steg nærare like rettar for alle, uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsutrykk. Femtiårsjubileet er både ei markering av kor langt kampen for lhbti-personar sine menneskerettar har kome, og ei påminning om kampane som framleis står att.

I saka Dudgeon mot Storbritannia, slo Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) fast at at straffeføresegner som kriminaliserer homofili, som til dømes den norske § 213, er brot på retten til privatliv etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Nyleg kom FNs kvinnekomité med ei avgjerd i ei klagesak mot Sri Lanka, der komiteen uttalte at kriminalisering av seksuelt samkvem mellom kvinner ikkje var i tråd med FNs kvinnekonvensjon.

Diverre ser ein også tilbakeslag. Homofili er framleis kriminalisert i over 60 statar. Lhbt-rettar møter stadig motstand fleire stadar i Europa, mellom anna i Ungarn og i Polen. I 2020 innførte det ungarske parlamentet lovgjeving som i praksis gjer det umogleg for transpersonar å endre juridisk kjønn, noko som gjer at dei i større grad risikerer å bli utsett for trakassering og vald. I Polen har ein over lengre tid operert med såkalla «lhbt-frie» sonar, og lovforslag om å forby Pride-feiringar og andre støttemarkeringar for lhtb-rettar har vorte forsøkt fremja i løpet av det siste året.

Også her heime i Noreg finns det utfordringar. Levekårsundersøkingar viser at lhbt-personar framleis har verre levekår enn befolkninga elles. Særleg transpersonar opplev verre levekår. Om lag ein av tre transpersonar har blitt utsatt for seksuelle overgrep, og ein av fire har fått trugsmål om vald. Over tretti prosent har forsøkt å ta livet sitt.

Hindring av hatkriminalitet mot og diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar er ei menneskerettsleg plikt for staten. Denne plikta følgjer mellom anna av Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

Å markere den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi er ein viktig del av arbeidet for å synleggjere lhbt-personar i samfunnet, og sette søkjelyset på menneskerettsutfordringane dei framleis møter – både i Noreg og i resten av verda. Markeringa er eit ledd i kampen for å sikre like menneskerettar for alle, uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsutrykk. Dagen er også ei viktig påminning om at ingen kampar er vunne for godt.