Ny LDO-rapport om etniske minoritetar sitt møte med politiet

Forsiden på LDO-rapporten "Kontroller uten kontroll", på gul bakgrunn.

I dag lanserte Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) rapporten «Kontroller uten kontroll». I rapporten kartlegg ombodet etniske minoritetar sine opplevingar i møte med politiet i det offentlege rom.

Rapporten byggjer på ei kvalitativ undersøking, der LDO har gjennomført over 40 intervju med ungdom og vaksne frå Oslo-området som alle hadde vore i kontakt med politiet i det offentlege rom, med varierande hyppigheit. Vidare byggjer rapporten på ei spørjeundersøking der i underkant av 1600 elevar i vidaregåande skule i Oslo og Drammen tok del.

Rapporten inneheld også ei juridisk undersøking der ombodet vurderer føresegner i politilova opp mot Noreg sine menneskerettslege plikter, særleg etter FNs rasediskrimineringskonvensjon, og på bakgrunn av tilrådingar frå FNs rasediskrimineringskomité.

Menneskerettslege rammer – retten til ikkje-diskriminering

Retten til å ikkje verte diskriminert er godt forankra menneskerettsleg. Det følgjer av Grunnlova § 98 at ikkje noko menneske må verte utsett for usakleg eller uforholdsmessig forskjellsbehandling. Dette kjem til syne fleire stadar i lovgjevinga elles, mellom anna i likestillings- og diskrimineringslova som forbyr diskriminering på grunn av mellom anna etnisitet, jf. § 6. Forbodet omfattar både direkte og indirekte diskriminering.

Ein har også eit diskrimineringsvern etter Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK). Artikkel 14 i konvensjonen pålegg statane å sikre at rettane nedfelt i konvensjonen vert verna likt for alle, uavhengig av mellom anna etnisitet, språk og nasjonalt opphav. Dette gjeld mellom anna for EMK artikkel 8, som vernar retten til respekt for privatlivet. Den europeiske menneskerettsdomstolen har slått fast at politikontrollar og visitasjon er å rekne som inngrep i EMK artikkel 8.1Sjå til dømes Gillan og Quinton mot Storbritannia (4158/05) avsn. 63.

Vidare har etniske minoritetar eit vern mot diskriminering etter FNs rasediskrimineringskonvensjon. Konvensjonen sikrar mellom anna likskap for loven og forbyr diskriminering på grunn av rase, hudfarge, avstamming eller etnisk eller nasjonalt opphav. Konvensjonen er innlemma i norsk rett gjennom likestillings- og diskrimineringslova, og gjeld som norsk lov.

Hovudfunna i rapporten

Fleirtalet av informantane i den kvalitative undersøkinga meinte at dei vert stoppa av politiet på grunn av hudfargen deira eller den etniske bakgrunnen deira. Informantane fortel vidare at dei opplev hyppige kontrollar. Nokre rapporterer om årlege kontrollollar, medan nokre rapporterer om månadlege kontrollar eller kontrollar kvar veke. Særleg gutar og menn med etnisk minoritetsbakgrunn rapporterte at dei vert stoppa og kontrollert hyppig av politiet.

Informantane framheva at hudfarge, kombinert med klesstil og om ein er samla i grupper, auka sannsynet for å fange merksemda til politiet og leie til større sannsyn for å verte kontrollert. Fleire peika også på at uformelle samtalar med politiet ofte glir over til å verte kontrollar. Vidare peika informantane på manglande grunngjeving frå politiet på kvifor ein vart stoppa, og at ein vart møtt på ein aggressiv måte dersom ein spurte om å få ei grunngjeving.

Ifølgje spørjeundersøkinga hadde 11 prosent av respondentane opplevd å verte kontrollert av politiet i løpet av det siste året. Av desse var personar med etnisk minoritetsbakgrunn noko overrepresentert. Av respondentane som hadde opplevd tre eller fleire politikontrollar, utgjorde etniske minoritetar 51 prosent.

Tilrådingar frå ombodet

På bakgrunn av funna i rapporten og den juridiske gjennomgangen fremjar ombodet ei rekkje tilrådingar, mellom anna til Politidirektoratet og Justis- og beredskapsdepartementet.

Til dømes tilrår ombodet at Politidirektoratet utviklar ein standardisert kontrollmekanisme til politidistrikta som er eigna til å avdekkje og hindre diskriminerande praksis i situasjonar der politiet tek i bruk maktmiddel. Ombodet tilrår også at direktoratet utviklar retningslinjer for kven som skal veljast ut til kontroll ved massevisitasjonar etter føresegna, og at utveljinga må skje etter individualisert mistanke basert på rimelege og objektive kriterium for å unngå diskriminerande praksis. Vidare tilrår ombodet at direktoratet utviklar ei felles tolking av politilova § 7 bokstav, som heimlar massevisitasjonar.

Vidare tilrår ombodet at Justis og beredskapsdepartementet gjer ei utgreiing i samarbeid med Datatilsynet av moglegheiter for å føre statistikk over politiet si oppfatning av etnisiteten til den dei kontrollerer. Vidare fremjar ombodet ei tilråding om at departementet gjer ei utgreiing ei lovfesta grunngjevingsplikt for politiet i samband med kontrollar og visitasjonar. Ombodet tilrår også å evaluere både politiet si praktisering av politilova § 7 a, og om den er eit eigna verktøy for å motvirke valdskriminalitet.

Rettsområde i utvikling

I 2021 vart Trøndelag politidistrikt felt i Diskrimineringsnemnda for brot på forbodet mot diskriminering på grunn av etnisitet. I avgjerda slo nemnda mellom anna fast at manglande loggføring av politikontroll i dette tilfellet innebar indirekte diskriminering, fordi praksisen gjorde det vanskelegare for klagaren å påvise diskriminering, og at klagaren følgjeleg vart stilt dårlegare på grunn av etnisitet.

Vidare er Oslo politidistrikt i gang med å innføre ei forsøksordning med kvitteringar ved kontrollar og ransaking, etter oppmoding frå Stortinget.

NIM meiner ombodet sin rapport er eit viktig kjelde til empiri og kunnskap om etniske minoritetar sitt møte med politiet i offentlege rom, og eit viktig bidrag til eit felt der det skjer ei politisk og rettsleg utvikling.

Heile rapporten, med alle tilrådingane, er tilgjengeleg på LDOs nettsider