NIMs supplerande rapport til FNs kvinnekomité

FNs logo (verdenskart omringet av laurberkrans i hvit med teksten "CEDAW" under, ved siden av en faksimile av rapportens første side.

NIM har levert sin supplerande rapport til FNs kvinnekomité, i forkant at høyringa av Noreg i februar. Krisesentertilbodet, og etterforsking og straffeforfølging av vald mot kvinner, og vald mot utsette grupper av kvinner er nokre av temaa i rapporten.

Heile rapporten er tilgjengeleg her.

FNs kvinnekomité er det internasjonale overvakingsorganet til FNs kvinnekonvensjon. Komiteen har i oppgåve å overvake statar si etterleving av pliktene i konvensjonen. Som del av dette gjennomfører jamlege høyringar av statane, for å vurdere kor godt dei oppfyller konvensjonspliktene til å hindre diskriminering av kvinner.

I februar står mellom anna Noreg for tur.

I forkant av høyringa har norske styresmakter levert ein eigen rapport til komiteen, der dei svarer på spørsmål frå komiteen og gjer greie for korleis dei sjølv meiner den norske staten oppfyller pliktene etter konvensjonen.

I tillegg til at staten sjølv rapporterer til komiteen, lever også fleire andre organisasjonar og institusjonar eigne rapportar som supplerer statsrapporten. Likestillings- og diskrimineringsombodet og ein koalisjon av sivilsamfunnsorganisasjonar har levert eigne supplerande rapportar til komiteen.

NIM leverte sin rapport til komiteen 9. januar i år. I rapporten tek NIM opp til saman elleve tema. Rapporten er utarbeida i samråd med Eldreombodet.

Hovudpunkta i rapporten

Vald mot kvinner

Brorparten av temaa NIM tek opp i rapporten gjeld vald mot kvinner.

For det første tek NIM opp utfordringar i styresmaktene sin samla innsats mot vald i nære relasjonar. NIM opp også utfordringar som lang sakshandsamingstid hjå politiet i valdtektssaker, og manglar i straffelova sine føresegner om seksuallovbrot.

Vidare tek NIM opp særlege utfordringar for nokre utsette grupper av kvinner. NIM peikar mellom anna på stoda for samiske valdsutsette kvinner sitt hjelpetilbod, og manglar knytt til førebygging av vald mot eldre kvinner. NIM løftar også fram behov for tiltak mot og meir forsking på vald mot skeive kvinner, og manglar i hjelpetilbodet til valdsutsette kvinner i aktiv rus.

Krisesentertilbodet og kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

NIM peikar også på utfordringar som ligg hjå kommunane. Blant dei er at få kommunar har handlingsplanar mot vald i nære relasjonar, at mange kommunar slit med å sikre eit tilstrekkeleg godt krisesentertilbod for utsette grupper kvinner, og å følgje opp valdsutsette i perioden etter opphald på krisesenter.

Tilhøva for kvinner i fengsel

I rapporten tek NIM også opp tilhøva for kvinner i fengsel, og viser mellom anna til langvarig kritikk frå Likestillings- og diskrimineringsombodet og at Diskrimineringsnemnda felte Kriminalomsorgsdirektoratet for diskriminering av kvinnelege innsette i Tromsø fengsel i 2020.

Andre tema

Andre tema NIM tek opp i rapporten er mellom anna hets og hatprat mot kvinner, reforma av Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda, helserettar for papirlause kvinner, barnefattigdom, og oppfølging av tidlegare tilrådingar frå Kvinnekomitéen og andre menneskerettslege overvakingsorgan.

Temaa i rapporten er valde ut på bakgrunn av kva komiteen har ynskja informasjon om frå norske styresmakter i forkant av høyringa, innhaldet i statens eigen rapport, og dei tidlegare tilrådingane komiteen har gitt til Noreg. Rapporten er ikkje meint å gi uttømande liste over menneskerettsutfordringar som kvinner møter.

Tiande høyringa av Noreg

Høyringa av Noreg finn stad den 9. februar i Genève. Dette vert den tiande gongen Noreg skal verte høyrt av komiteen sidan Noreg ratifiserte Kvinnekonvensjonen i 1981. NIM deltek i høyringa, i likskap med ei rekkje andre institusjonar og organisasjonar.

Kvinnekomitéen vil i etterkant av høyringa kome med tilrådingar til Noreg om korleis den meiner Noreg best kan etterleve sine plikter etter konvensjonen. Slike tilrådingar er ikkje rettsleg bindande, men dei gir viktig rettleiing om korleis norske styresmakter best kan etterleve pliktene sine til å hindre diskriminering av kvinner.

Heile rapporten er tilgjengeleg her.

Den norske statsrapporten er tilgjengeleg her (regjeringen.no).