Ny rapport om styrking av kommunane sitt arbeid mot diskriminering og rasisme

Hender som strekker seg etter hverandre, en mørk hånd på lys bakgrunn og en lys hånd på svart bakgrunn.

21. mars er FNs internasjonale dag mot rasediskriminering. Sidan 1966 har dagen blitt brukt til å setje fokus på diskriminering på grunn av rase, hudfarge, avstamming, og nasjonalt eller etnisk opphav.

Det er ein menneskerett å ikkje verte utsett for diskriminering. Dette følgjer mellom anna av Grunnlova § 98 og FNs rasediskrimineringskonvensjon, og staten er forplikta til å sikre denne retten for ein kvar. Forbodet mot diskriminering er også nedfelt i mellom anna likestillings- og diskrimineringslova.

Ny rapport om styrking av kommunane sitt arbeid

Nyleg fekk me ny kunnskap om korleis sentrale og lokale myndigheiter betre kan arbeide for å hindre diskriminering og rasisme. Den 14. mars publiserte Proba Samfunnsanalyse ein rapport som kan bidra til å gi norske sentrale myndigheiter rettleiing til korleis dei kan hjelpe kommunane i arbeidet deira mot rasisme og diskriminering. Rapporten er bestilt av Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

I rapporten kartlegg Proba norske kommunar sitt arbeid mot rasisme og diskriminering. Rapporten byggjer data samla inn gjennom intervju og ein kvalitativ studie av rettleiingsmateriell, handlingsplanar og skildringar av god praksis. Kartlegginga viser at det er store forskjellar i dei ulike typane lokale tiltak som er utarbeida innanfor områda inkludering, rasisme og diskriminering. Det er relativt få døme på tiltak og prosjekt som inneberer aktivt arbeid for å motarbeide, førebygge eller handtere rasisme. Vidare er det få tiltak som er retta mot majoritetsbefolkninga.

Proba konkluderer med at arbeidet mot diskriminering og rasisme i norske kommunar bør verte styrka, og fremjar ei rekkje tilrådingar om korleis handlingsplanar, rettleiingsmateriell og døme på god praksis kan verte gjort meir kjende og tilgjengelege for kommunane. Dei tilrår mellom anna at statlege aktørar som departement, direktorat og statsforvaltarar i større grad tek i bruk etablerte formidlingskanalar, og at ressursar og døme som vert formidla til kommunane bør verte knytt til kommunane si aktivitets og utgreiingsplikt etter likestillings- og diskrimineringslova. Vidare tilrår Proba at nasjonale myndigheiter bør kommunisere tydelege forventningar ut til kommunane om at arbeidet mot diskriminering på grunn av etnisitet og religion skal ha ein sentral plass i utgreiinga.

Kommunane sine utfordringar

Rapporten frå Proba er ikkje den første rapporten om kommunalt arbeid mot diskriminering og rasisme publisert i nyare tid. I februar 2022 publiserte Rambøll ein rapport om norske kommunar sitt arbeid mot rasisme og diskriminering på grunn av etnisitet og religion. Rapporten er skrive på bakgrunn av ein kvantitativ spørjeundersøking retta mot kommunar i Noreg, i tillegg til fokusgruppeintervju med fem utvalde kommunar. Også denne rapporten er bestilt av Bufdir.

Eit av hovudfunna i rapporten er at berre halvparten av respondentane i utvalet svarte at kommunen hadde få eller ingen utfordringar med rasisme og diskriminering på grunn av etnisitet og religion. Vidare rapporterte 43 prosent av kommunane at dei hadde nokre utfordringar. Utfordringane som går att hjå respondentane er hets og hatefulle ytringar, mobbing på skulen, og mobbing og diskriminering på barn og unge sine fritidsarenaar. Vidare, på spørsmål om barrierar i arbeidet mot rasisme og diskriminering, peika ein tredjedel av kommunane på kapasitet som ei stor utfordring. Andre utfordringar som blei framheva var manglande kunnskap og kompetanse og utfordringar knytt til kommuneøkonomien.

Kommunane sitt ansvar for å hindre diskriminering og rasisme

I tillegg til at staten er forplikta til å sikre retten til ikkje-diskriminering, har kommunane har eit sjølvstendig menneskerettsansvar. Dette følgjer mellom anna av Grunnlova § 92, og inneberer at kommunane skal ivareta menneskerettane i alle aspekt av sitt virke. Dette gjeld også plikta til å sikre retten til ikkje-diskriminering for ein kvar.

Samstundes er kommunane avhengig av rammer gitt av sentrale myndigheiter. NIM meiner at den ferske rapporten frå Proba gir nyttig rettleiing om korleis sentrale myndigheiter kan hjelpe lokale myndigheiter å betre arbeidet mot rasisme og diskriminering, og følgjeleg betre sikre retten til ikkje-diskriminering.

Rapporten frå Proba Samfunnsanalyse er tilgjengeleg her (imdi.no).

Rapporten frå Rambøll er tilgjengeleg her (ramboll.com).