Forslag til endringar i vallova, valforskrifta og forskrift om val til Sametinget – ombodsplikt, assistanse ved stemmegiving, digital utsending av valkort mv.

Høyringsfråsegn NIM forslag til endringar i vallova vallovforskrifta og forskrift om val til Sametinget 30.09.2020 (pdf) 183.38 KB

NIM er positive til departementet sitt forslag om å gi veljarar som på grunn av psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting treng hjelp til å stemme, sjølv kan peike ut ein hjelpar som skal assistere i stemmegjevinga, utan at ein valfunksjonær er til stades i valavlukket. NIM meiner dette bidreg til å implementere pliktene staten har etter FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD).