Endringar i helse- og omsorgstjenesteloven og pasient- og brukerrettighetsloven (Om langtidsopphald for personar under 50 år i sjukeheim mv.)

NIM-H-2023-015
Høyringsfråsegn frå NIM - endringar i helse- og omsorgstjenesteloven og pasient- og brukerrettighetsloven (Om langtidsopphald for personar under 50 år i sjukeheim mv.) (pdf) 176.63 KB

Lovforslaget inneberer å lovfeste at ein kommune ikkje kan busetje personar under femti år i sjukeheim eller tilsvarande bustad som er særleg tilrettelagt for heildøgns tenester rekna for eldre. Forslaget medfører ikkje eit absolutt forbod mot å busetje yngre personar i sjukeheim mv., men dersom ein skal gjere det må personen, eller eventuelt ein pårørande, samtykke til busetjinga. NIM ynskjer i utgangspunktet forslaget velkomen, og støtter føremålet med forslaget om å hindre at personar vert flytta til sjukeheimar og tilsvarande bustadar mot viljen deira. NIM saknar likevel nærare menneskerettslege vurderingar i delar av forslaget, og særleg av CRPD artikkel 19.