Forslag om overføring av ansvaret for helsetilbodet ved utlendingsinternat til kommunen der internatet ligg

NIM-H-2023-032
Høyringsfråsegn NIM - Forslag om overføring av ansvaret for helsetilbodet ved utlendingsinternat til kommunen der utlendingsinternata ligg (pdf) 226.88 KB

Høyringa gjeld eit forslag frå Helse- og omsorgsdepartementet om at ansvaret for helse- og omsorgstenester for internerte på utlendingsinternat vert overført frå politiet til kommunane der utlendingsinternatet ligg. Forslaget inneberer einskilde endringar i helse- og omsorgstenestelova og i utlendingsinternatforskrifta.

NIM etterlyser nærare menneskerettslege vurderingar av forslaget, særleg i lyset av den skjerpa aktsemda ovanfor fridomsrøva personar som følgjer av EMD sin praksis. Vidare ber NIM om at departementet sikrar at dei føreslegne endringane i § 5 i utlendingsforskrifta ikkje inneberer utilsikta endringar i internerte sine helserettar, slik dei føreslegne endringane etter vårt syn gjer per no.